Statens vegvesen stenger rv. 15 Strynefjellet natt til tysdag 25. august.
Vedlikehaldsarbeid i Oppljostunnelen, den øvste av dei tre tunnelane på fjellovergangen, er årsaka til stenginga.
Frå klokka 20.00-22.00 på kvelden måndag 24. august blir det rigga til arbeidet. I denne perioden blir det kolonnekøyring gjennom tunnelen kvar halvtime.
Etter dette, klokka 22.00-06.00, blir tunnelen stengd for all trafikk med unnatak for utrykkingskøyretøy og bussar i rute.
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Innlandet, Møre og Romsdal

Comments
Nothing yet. Say the first thing.
Sign in to join the conversation.