# stryn (audio feeds) — RSS Amplifier

Recent posts from the 1 feeds in the RSS Amplifier directory that cover stryn.

Page: <https://rssamplifier.com/topics/stryn/audio>  
Feed: <https://rssamplifier.com/topics/stryn/audio.md>

---

## [Jabbing om jobb #24 med sjefen over alle sjefar i Stryn kommune](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-24-med-sjefen)

_2026-02-27 · Radio Stryn Podcast_

Sjefen over alle sjefar i Stryn kommune, Jon Nesje, er gjest i denne episoden. Han gir eit innblikk i arbeidskvardagen til ein kommunedirektør og fortel om korleis han opplevde overgangen frå det private næringslivet til offentleg forvalting.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2274491972-user-708353168-jabbing-om-jobb-24-med-sjefen.mp3)

## [Jabbing om jobb #23 med kreative Anndi Bergset](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-23-med)

_2026-02-17 · Radio Stryn Podcast_

Anndi Bergset er ei kreativ dame frå Ohio USA som har gjort "nordsidar" av seg. Ho deler arbeidskvardagen mellom systova Gjensyn og Opera Nordfjord.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2268219026-user-708353168-jabbing-om-jobb-23-med.mp3)

## [Jabbing om jobb #22 med artist og DJ Tungevaag](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-22-med-artist-og-dj-tungevaag)

_2026-01-27 · Radio Stryn Podcast_

Som liten hadde Martin Tungevåg null interesse for musikk. Men i løpet av ungdomsskulen oppdaga han talentet som skulle gjere han til ein artist, DJ og musikkprodusent med milliardar av avspelingar. 32-åringen frå Stadtlandet er i dag gift og busett i Hornindal.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2254972520-user-708353168-jabbing-om-jobb-22-med-artist-og-dj-tungevaag.mp3)

## [Jabbing om jobb #21 Ingrid S. Renberg - den nye oppvekstsjefen](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-21-ingrid-s-renberg-den-nye-oppvekstsjefen)

_2026-01-21 · Radio Stryn Podcast_

Ingrid Sylvia Renberg frå Ørsta tok til i jobben som kommunalsjef for oppvekst like før jul. Ho går laus på oppgåvene med høge ambisjonar og stort engasjement.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2251360760-user-708353168-jabbing-om-jobb-21-ingrid-s-renberg-den-nye-oppvekstsjefen.mp3)

## [Førjulskos på Radio Stryn - Ove og Roy Aron med gjester](https://soundcloud.com/user-708353168/forjulskos-pa-radio-stryn-ove-og-roy-aron-med-gjester)

_2025-12-22 · Radio Stryn Podcast_

Ove Andre Aarskog og Roy Aron B. Myklebust inviterer til ei to timar lang sending med flotte gjester: Espen Rostrup Nakstad, Kjell "Kjellen" Bigset, Malin Ek Bråtene, Anders Magne Vik og Andreas Flo Tonning.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2234152589-user-708353168-forjulskos-pa-radio-stryn-ove-og-roy-aron-med-gjester.mp3)

## [Jabbing om jobb #20 - skyss, klapp og klem med Rogeir Haugen](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-20-skyss-klapp-og-klem-med-rogeir-haugen)

_2025-12-16 · Radio Stryn Podcast_

Rogeir Haugen er dagleg leiar i Oldedalen Skyss AS, som nyleg vart heidra med Vestland fylke sin Bedriftsutviklingspris. Han er også låtskrivar og har samarbeidd med kjente musikarar som Rune Rudberg og Anne Nørsti. Dette i tillegg til hans eige musikkprosjekt; Mona Jill's Trio.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2230646336-user-708353168-jabbing-om-jobb-20-skyss-klapp-og-klem-med-rogeir-haugen.mp3)

## [#70 Sport und Spaß 10. 12. 2025 -med eldsjela Kjell August Ytre-Eide](https://soundcloud.com/user-708353168/70-sport-und-spas-10-desember-2025-med-kjell-august-ytre-eide)

_2025-12-11 · Radio Stryn Podcast_

Kjell August Ytre-Eide vart nyleg tildelt Årets eldsjelpris i Stryn fotball. Han legg ned mange, mange timar som keepertrenar og som dommar. Han har også forska på dømming i ein masteroppgåve. Vi tek dessutan ein prat med skiskyttar Ann Kristin Aaland som kjempar for ein plass i IBU-cupen.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2227723664-user-708353168-70-sport-und-spas-10-desember-2025-med-kjell-august-ytre-eide.mp3)

## [Jabbing om jobb #19 med Sølvi Hjelmeland -oppfinnaren](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-19-med-solvi-hjelmeland-oppfinnaren)

_2025-12-08 · Radio Stryn Podcast_

Sølvi Hjelmeland har starta bedrifta Pure Wave. Utan fagleg bakgrunn eller bransjekunnskap har ho klart å løyse ei stor utfordring til lands og til vanns - og i lufta med, på toalettfronten!

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2226015905-user-708353168-jabbing-om-jobb-19-med-solvi-hjelmeland-oppfinnaren.mp3)

## [Jabbing om jobb #18 med Rune Solheim - entreprenøren frå Rake](https://soundcloud.com/user-708353168/jabbing-om-jobb-18-med-rune-solheim-entreprenoren-fra-rake)

_2025-12-01 · Radio Stryn Podcast_

Rune Solheim er ein entreprenør i alle ordets tydingar. Han likar at ting skjer, og er gjerne den som set tinga i gang. Solheim har sett spor både i Stryn og Ålesund, og er van med at folk har meiningar om det han driv med. Men så har han også ein del meiningar sjølv. Bli betre kjent med "mannen bak Kamben".

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2222043602-user-708353168-jabbing-om-jobb-18-med-rune-solheim-entreprenoren-fra-rake.mp3)

## [Sync Bookmarks Everywhere (Sponsored)](https://crawlproof.com/a/F7AnlgrspqRR)

_2025-12-01 · **Sponsored**_

Two-way sync keeps folders and toolbar intact across Chrome, Firefox, and Safari.

## [#69 Sport und Spaß 19. nov. 2025 -Strynefjellseventyret](https://soundcloud.com/user-708353168/69-sport-und-spas-19-nov-2025-strynefjellseventyret)

_2025-11-20 · Radio Stryn Podcast_

Inge Fænn og Per Ytre-Eide med historietime om nesten 90 år med skiaktivitetar på Strynefjellet, i samband med utgjevinga av boka "Strynefjellseventyret". Tidenes mestvinnande alpinist i Norge, Kjetil Andre Aamodt, bidreg også med minner frå fjellet.

[Listen](https://feeds.soundcloud.com/stream/2215744241-user-708353168-69-sport-und-spas-19-nov-2025-strynefjellseventyret.mp3)

