RSS Amplifier

Blog

Todalen.no

Kvar einaste dag!

todalen.noSource feed ↗11 posts

Live Last read · last published · next check

Written by

Latest posts

Anleggsområde – kjør forsiktig

Entreprenøren Bredesen Graving og Transport er i gang med arbeid på det nye kaianlegget til NVE i Todalsstanda. Det arbeides no med anleggsveg ned til det som skal bli nytt kaianlegg for å ta på land store transformatorar. Dette blir eit anleggsområde no i haust og utover neste år. Oda Semundset hos entreprenøren ber om at det blir vist hensyn til at det drives anleggsarbeid her, slik at ein…

Regntungt og kaldt for stavgangarane

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet til stavgang på Kavlvegen på Surnadalseidet. - Litt kaldt og rengtungt vær, fortel Wenche Kvendset i Stavganggruppa.

Alti Forvaltning overtek Melhustorget

I ei pressemelding frå Alti Forvaltning i middagstida i dag, blir ein informert om at Melhustorget blir Alti Forvaltning sitt 71. senter i Norge. Dette skjer gjennom ein transaksjon der Alti Forvaltning AS overtek Romario Invest AS sine aksjer i Melhus Kjøpesenter AS. Melhustorget vil bli forvalta av Alti Forvaltning AS. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor.

100 år – Ingrid feira heile dagen

Onsdag vanka det mange helsingar til Ingrid Todalshaug Ørsahl som runda 100 år - ein jubileumsdag som ho hadde gleda seg til lenge, og endeleg var dagen her. Dagen vart feira saman med familien i kantina på sjukeheimen, der dei aller fleste etterkommarane hadde samla seg for å ta del i feiringa av den store dagen. Jubilanten var i storform, og tykte det var stas med litt feiring av ein slik dag -…

Fjellgruppa fekk ein fin tur til Skåkleiva

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på fjelltur til Skåkleiva i Rindal kommune. - 23 fjellvandrarar opp på parkeringsplassen i Tørsåsen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Seinsommarfest med trivsel på programmet

Surnadal demensforening og helselag har som tradisjon at dei skal arrangere seinsommarfest for bebuarane saman med pårørande. Tradisjon har det og vore at seinsommarfesta har foregått som eit friluftsarrangement på ein finvêrsdag der ein kan markere sommaren går mot slutten for denne gongen. Finvêrsdagar har faktisk vore mangelvare no i sommar, og yr.no har sådd usikkerheit om vêret kvar einaste…

Inviterer til medlemsmøte i Pensjonistborbundet

Onsdag 26. august klokka 15:00 inviterer Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer til medlemsmøte i Surnadal frivilligsentral sine nye lokaler på Surnadal kulturhus.

Inviterer til Lagseriestemne onsdag

Onsdag 19. august klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til lagseriestemne på Bordholmen stadion. - For denne dagen er det meldt finver!, heiter det i invitasjonen frå idrettslaget.

Første skuledag ved TOSTOP

Måndag var første skuledag for dei som er fødd i 2020. Ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter (TOSTOP er det i år fem førsteklassingar, der Andrea Kvendset er einaste todaling. Trykk på lenka nedanfor, , og les kva Sunniva Øigård frå Trollheimsporten.no har skrive om første skuledag ved TOSTOP.

Stavgangarane går Kavlvegen torsdag

Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer torsdag 20. august klokka 11:00 til stavgang i Kavlvegen på Surnadalseidet. Parkering ved Åsen Bygdemuseum.

No bit laksen i Toåa – oppdatert

Søndag ettermiddag vart det skikkeleg napp for Peter Overvåg på Todalshytta - i sone 2 landa han ein flott laks på heile 7,8 kg (korrigert) . Det var søndag fin vassføring i Toåa for flugefiske - 16 m3/sek i Storfossen. Da nærma vi oss tilhøve for gammeldags "markelv", men lang i frå flaum. I løpet av søndagen vart det meldt inn tilsaman 5 fiskar - 2 laksar og 3 sjøaure.