RSS Amplifier

Stortinget: Næringsministeren (skriftlige spørsmål som venter besvarelse) · Aug 18, 2026

Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til næringsministeren. Til behandling

0
Sign in to vote or save

Stortinget

Dokument nr. 15:3536 (2025-2026)

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kva er gjort og kva vil statsråden gjere vidare for å følgje opp fleirtalsmerknaden frå næringskomiteen ved behandlinga av ny minerallov som slo fast at Hub for Minerals må løftast opp og vidareutviklast innanfor rammene av ei samla nasjonal satsing?

Begrunnelse

Hub for Minerals AS er etablert som nasjonal innovasjonsklynge for mineralnæringa, med utgangspunkt i avtalen frå 2011 mellom Nordic Mining, vertskommunane Sunnfjord og Askvoll og fylkeskommunen. Klynga arbeider med kompetansebygging, forskingsbasert innovasjon og nye verdikjeder basert på restmassar frå mineralproduksjon, saman med industri, utdannings- og forskingsmiljø og forvaltning.
I innstillinga om ny minerallov uttalte fleirtalet i næringskomiteen, alle medlemmene med unntak av medlemmet frå Raudt: «Det er viktig at dette prosjektet blir løftet opp og videreutviklet, innenfor rammene av en samlet nasjonal satsing på framtidens norske bærekraftige mineralvirksomhet.» (Innst. 521 L (2024-2025).)
Den regionale innsatsen er på plass. Vestland fylkeskommune vedtok i april 2026 ein samarbeidsavtale med vertskommunane og Nordic Mining som utløyser inntil 5 millionar kroner til eit treårig klyngeprosjekt. Kompetansen som no blir bygd, har overføringsverdi til mineralprosjekt i heile landet.
Regjeringa sin mineralstrategi, den nye minerallova og EU si forordning om kritiske råvarer føreset meir nasjonal foredling, betre samordning og sterkare kompetansemiljø.
Det er difor behov for avklaring av kva departement og verkemiddelaktørar som får ansvar for oppfølginga, kva tidsplan regjeringa legg opp til, og om oppfølginga får budsjettmessig verknad frå 2027. Utan slik avklaring blir kostnaden ved å byggje eit nasjonalt kompetansemiljø for mineralnæringa liggjande på regionale aktørar åleine. Det var ikkje føresetnaden til komitéfleirtalet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig

Read the original on stortinget.no

Comments

Nothing yet. Say the first thing.

    Sign in to join the conversation.