Dokument nr. 15:3463 (2025-2026)
Innlevert: 09.08.2026
Sendt: 10.08.2026
Besvart: 18.08.2026 av forsvarsminister Tore Onshuus Sandvik

Spørsmål
Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden gjere greie for kvifor denne anskaffinga ikkje er avgrensa til norske eller nasjonalt kontrollerte verft, og om regjeringa meiner dagens praksis i tilstrekkeleg grad ivaretek omsyna til nasjonal beredskap, forsyningstryggleik og norsk maritim kompetanse?
Begrunnelse
Forsvarsmateriell har lyst ut anskaffinga av to nye navigasjonsopplæringsfartøy til Sjøforsvaret, med opsjon på ytterlegare to fartøy, til ein estimert verdi på om lag 200 millionar kroner. Konkurransen er lyst ut som ei open anskaffing etter anskaffelsesregelverket utan krav om at fartøya skal byggjast ved norske eller nasjonalt kontrollerte verft, sjølv om fartøya skal nyttast til utdanning og trening av navigatørar i Sjøforsvaret.

Svar
Tore Onshuus Sandvik: FMA gjennomfører anskaffingar innanfor dei krava som er fastsette, og tek også omsyn til effektiv bruk av statlege midlar. Hovudregelen etter anskaffingsregelverket er at anskaffingar som overstig EØS-terskelverdiane, skal kunngjerast på ein måte som gjer konkurransen tilgjengeleg for leverandørar i heile EØS-området.
Forsvarsmateriell har gjennomført marknadsundersøkingar, og marknaden er vurdert som moden, med gode moglegheiter for å få tilbod frå både norske og nordiske/europeiske tilbydarar.
Omsynet til konkurranse og moglegheita for å få kvalitativt gode og prismessig gunstige tilbod talar for breiast mogleg konkurranse. For denne anskaffinga er behovet primært knytt til opplæring og navigasjonstrening, og fartøyet skal ikkje nyttast til operativ verksemd. Det er difor vurdert at anskaffinga ikkje utløyser krav om nasjonal produksjon.
Forsyningstryggleik og beredskap er vurdert som tilstrekkeleg ivaretekne gjennom kontraktsmessige krav til leveranse, kvalitet og oppfølging i driftsfasen. Vedlikehaldet utførast i Noreg. Vedlikehaldet av fartøya skal løysast gjennom ein større vedlikehaldsavtale for fleire ulike fartøy og støttefartøy, og lysast ut i ei anna anskaffing. I denne anskaffinga vil det bli stilt krav om at vedlikehaldet skal utførast i Noreg.
Bruk av unntaksføresegner for å avgrense eller styre konkurransen er vurdert som unødvendig ut frå arten til anskaffinga.
Følgjeleg er anskaffinga kunngjord i EØS-området.

Comments
Nothing yet. Say the first thing.
Sign in to join the conversation.