“Eg vil studera historie!” Eg heiv orda ut i lufta og håpa at mannen min rakk å ta imot, før ideen ramla i golvet med eit brak. Han såg på meg, litt overrumpla. “Er du sikker,” spurte han. “Sikker på at du orkar å studera igjen, og eit så tungt fag?”
Heilt ærleg har vel aldri historie vore mi sterkaste side. Ikkje har eg så mykje å skilta med heller, anna enn nokre knusktørre studiepoeng i kyrkjehistorie, samt vekkesehistorie med tilhøyrande kraftig slagside frå bibelskulen. På vidaregåande droppa eg ut før eg var komen til historie-faget. Det var så mykje anna i livet. Jesus skulle koma att, og verda trong frelse. Deretter, når eg endeleg kom til fornuft og kom meg attende på skulebenken, vart eg sjuk, og måtte gje meg.
No er eg ikkje heilt nedsnødd. Eg har alltid lese og hatt apetitt på kunnskap. Men eg har alltid kjent på det. At noko har mangla. Det har vore litt forargerleg det med historiefaget, som eg aldri fekk teke. Særleg den siste tida. For i takt med alt som skjer i verda, har det vokse fram noko i meg, eit voldsamt behov for å forstå dei store og lange linjene.
Det vert nok ikkje noko historie-studie på meg. Iallfall med det første. Men det finst heldigvis andre innfallsportar, som er langt meir tilgjengelege. Gode bøker til dømes. Det finst dei som har skrive godt om verdshistorie. Og her i huset har vi kvarandre. Eg er jo ein lærar, gift med ein annan lærar. Så no har vi har kjøpt ei historiebok. Ho ligg på bordet i stova, og skal ligga der til vi er gjennom. I går leste mannen min høgt for meg då vi kvilte middag. Han leste og vi tenkte og reflekterte høgt saman.
Første kapittel: Sumererane. Til trass for eit svært karrig og ugjestmildt landskap utvikla dei historiens første kjente vatningssystem, der dei leia vatnet ut frå Tigris og Eufrat til sine tørre åkerlappar. Og ut frå elvevatnet, bygde dei ein stor skrivande sivilisasjon.
Takk for at du abonnerer. Legg gjerne att ein kommentar eller del teksten vidare til nokon som treng å lesa. Om du ønskjer å støtta arbeidet mitt økonomisk, kan du gjera det ved å oppgradera abonnementet til betalt, eller

Comments
Nothing yet. Say the first thing.
Sign in to join the conversation.