I denne podcasten finn du blant anna Radio Stryn-programma Sport und Spaß, Jabbing om jobb og Vekas utvalde. I tillegg dukkar det frå tid til annan opp ulike temasendingar. Sport und Spaß er ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool.
Sjefen over alle sjefar i Stryn kommune, Jon Nesje, er gjest i denne episoden. Han gir eit innblikk i arbeidskvardagen til ein kommunedirektør og fortel om korleis han opplevde overgangen frå det private næringslivet til offentleg forvalting.
Som liten hadde Martin Tungevåg null interesse for musikk. Men i løpet av ungdomsskulen oppdaga han talentet som skulle gjere han til ein artist, DJ og musikkprodusent med milliardar av avspelingar. 32-åringen frå Stadtlandet er i dag gift og busett i Hornindal.
Ingrid Sylvia Renberg frå Ørsta tok til i jobben som kommunalsjef for oppvekst like før jul. Ho går laus på oppgåvene med høge ambisjonar og stort engasjement.
Ove Andre Aarskog og Roy Aron B. Myklebust inviterer til ei to timar lang sending med flotte gjester: Espen Rostrup Nakstad, Kjell "Kjellen" Bigset, Malin Ek Bråtene, Anders Magne Vik og Andreas Flo Tonning.
Rogeir Haugen er dagleg leiar i Oldedalen Skyss AS, som nyleg vart heidra med Vestland fylke sin Bedriftsutviklingspris. Han er også låtskrivar og har samarbeidd med kjente musikarar som Rune Rudberg og Anne Nørsti. Dette i tillegg til hans eige musikkprosjekt; Mona Jill's Trio.
Kjell August Ytre-Eide vart nyleg tildelt Årets eldsjelpris i Stryn fotball. Han legg ned mange, mange timar som keepertrenar og som dommar. Han har også forska på dømming i ein masteroppgåve. Vi tek dessutan ein prat med skiskyttar Ann Kristin Aaland som kjempar for ein plass i IBU-cupen.
Sølvi Hjelmeland har starta bedrifta Pure Wave. Utan fagleg bakgrunn eller bransjekunnskap har ho klart å løyse ei stor utfordring til lands og til vanns - og i lufta med, på toalettfronten!
Rune Solheim er ein entreprenør i alle ordets tydingar. Han likar at ting skjer, og er gjerne den som set tinga i gang. Solheim har sett spor både i Stryn og Ålesund, og er van med at folk har meiningar om det han driv med. Men så har han også ein del meiningar sjølv. Bli betre kjent med "mannen bak Kamben".
Inge Fænn og Per Ytre-Eide med historietime om nesten 90 år med skiaktivitetar på Strynefjellet, i samband med utgjevinga av boka "Strynefjellseventyret". Tidenes mestvinnande alpinist i Norge, Kjetil Andre Aamodt, bidreg også med minner frå fjellet.